Offshore wind

Havvindindustrien brukar for enkle vindmodellar

Energiselskapa brukar altfor enkle modellar når dei planlegg vindparkar til havs, viser ny forsking. Det kan gje overraskingar i form av lågare produksjon og større turbinslitasje enn forventa.I dag brukar utbyggarane éin av to standardmodellar for å simulere vinden i havområda der dei vil sette opp vindmøller. Det viser seg at ingen av dei er særleg eigna til å simulere dei vêrtypane det er mest av til havs.

I dag brukar utbyggarane éin av to standardmodellar for å simulere vinden i havområda der dei vil sette opp vindmøller. Det viser seg at ingen av dei er særleg eigna til å simulere dei vêrtypane det er mest av til havs.

– Modellane er svært enkle og best tilpassa det vi kallar nøytral atmosfære – altså når vêret er midt imellom veldig stabilt og veldig ustabilt. Det er slett ikkje den vêrtypen som er mest vanleg, og modellane vil difor vere ganske lite treffsikre ganske mykje av tida, seier Astrid Nybø.

Nybø er stipendiat ved Bergen Offshore Wind Centre (BOW) og Geofysisk institutt ved UiB. Det siste året har ho jobba mykje med å samanlikne modellane vindbransjen brukar med meir avanserte modellar og med vindmålingar frå røynda.

For grove modellar og for få målingar

– I dag gjer utbyggarane for få vindobservasjonar og får heller ikkje brukt målingane sine godt nok fordi modellane er for enkle. Modellane er tilpassa mindre turbinar på land, og målingane er ofte gjennomsnittsmålingar gjort ved låg frekvens. Det kan vere fleire minutt mellom dei, og då fangar ein ikkje opp turbulens, fortel Nybø.

Å forstå turbulens – uregelrette rørsler i lufta – er viktigare jo større turbinane er. Til liks med ei elv kan også vinden ha i seg det vi kan kalle stryk, understraumar, krusingar og kvervlar.

Det betyr at når rotoren på ein vindturbin nærmar seg 200 meter, kan vinden kome som hallingkast på ei side og i roleg valsetakt på den andre. I dag er rotorane på dei største havvindmøllene nesten 170 meter, og dei vert stadig større.

– Å forstå korleis vinden varierer langs rotorblada er viktig både for å designe mest mogleg effektive turbinar og for å førebygge slitasje, forklarer stipendiaten.

Les mer i artikkelen hos Forskning.no: https://forskning.no/energi-havet-partner/havvindindustrien-brukar-for-enkle-vindmodellar/1630867

Other updates

No items found.