Høgskulen på Vestlandet får rundt 3millionar kroner til eit prosjekt som skal finne ut korleis universitet oghøgskular kan spele ei sterkare rolle for ei smart og berekraftignæringsutvikling i Vestland.
Målet er å finne ut kva rolle dei høgareutdanningsinstitusjonane som HVL, UiB og NHH, kan spele for å påverke detregionale innovasjonssystemet i en berekraftig retning, gjennom utdannings-,forskings, og innovasjonsarbeid. Midlane er gitt frå Regionalt ForskingsfondVestland (RFF).
Vestland Fylkeskommune og GCE Ocean Technology er samarbeidspartnarar i prosjektet. Øystein Stavø Høvig ved Mohnsenteret ved HVL er prosjektkoordinator og gler seg over tildelinga:
– Prosjektet vidarefører vårt gode samarbeid med Vestland fylkeskommune og GCE Ocean Technology. Dette samarbeidsprosjektet ligg nært HVL og Mohnsenterets kjerneverdi om å drive forsking til nytte for regionen. Difor er det bra at vi får midlar til nettopp denne typen prosjekt, kommenterer han.
Fleire forskarar ved Mohnsenteret er involverte i prosjektet. I tillegg deltek forskarar frå Jönköping Universitet i Sverige. Prosjektet går over 3 år, med oppstart i august 2021.
Interessert i å lese mer om dette, så fortsett på HVL sine nyhetssider her!
Photo: Mauricio Pavez Ramirez , HVL